Sorg 

02.09.2024
16.juli i år vart eg foreldrelaus. I ein alder av 49. Mor mi døydde. 92 år gammal. Kjempen falt. Og eg såg fleire store tre falle. Eg kjende det inne i mitt eige bryst då mor mi sitt hjarte slutta å slå. Eg visste. Eg satt på eit tog og visste. At no, var eg blitt foreldrelaus.

Far min reiste først, for 12 år sidan. Eg har møtt han i draumar. Det var trass alt hans rygg eg følgde i fjellet.

Mor mi var der berre. Skikkelsen på krakken ved bærbuskene. Handa som rørde i gryta. Fanget som famna, i gyngestolen, havn for ein femåring. 

Og sidan? Kvardagane åt opp samtalane, songane, det vi skulle delt og med kvart vart ein reservert, hadde blitt såra og sveke, trudde ikkje ein var god nok då ein byrja å ha eigne meiningar, avvisning, framandgjering.

Kunstterapilæraren min seier det tek fleire månader å komme heilt i balanse etter at ein av foreldra døyr. Ein får oppgåva å finne tak i si indre mor, sin indre far. 

Det er tøffe tak, bratt og ulendt, store fjell og djupe søkk. Men eg må prøve å finne fram.