Kvifor skriv eg? 

02.09.2024
Eg har spurt meg sjølv om det nokre gonger. Orda er kanskje ein slags sikkerheitsventil, som slepp ut det største trykket frå ei sjel som blir sliten, trøytt, sorgtung, frustrert, redd. 


Ikkje dermed sagt at det kun er terapi. Eg trur orda mine kan hjelpe andre også. Eg får store, sterke macho-menn til å gråte. Ikkje verst. 
  

Eg driv og omskolerer meg for tida, så det går mykje energi til dette, men innimellom puslar eg litt med novelleskriving og diktskriving. Eg likar det korte formatet. Det passar bra for helsa mi og går an å kombinere med jobb eller studier, utan at ein treng å ofre nattesømnen.